• Statssekretær Kjetil Lund (Ap) i Finansdepartementet vil ikkje kalla nokon av ordningane til oljenæringen for subsidiar.

    FOTO: Siv Dolmen

– Oljemilliardar er ikkje subsidiar

At norsk olje- og gassverksemd får 25,5 milliardar kroner i subsidiar, meiner statssekretær Kjetil Lund (Ap) er feil.

Ein rapport som vart kjent i går, viser at Norge har i alt ni former for subsidiar til oljenæringa. Seks av dei gav i alt 25,5 milliardar kroner i statleg støtte i 2009, skriv Det internasjonale instituttet for bærekraftig utvikling (IISD). Rapporten er laga av Econ Pöyry.

Gunstige avskrivingsreglar for investeringar og refusjon av leitekostnader er dei to ordningane som gir oljeselskapa mest i kroner og øre, ifølgje rapporten.

– Det er ikkje rett at norsk petroleumsnæring blir subsidiert med 25,5 milliardar kroner. Rapporten påstår at refusjonsordninga for utgifter til oljeleiting er ein subsidie, men dette er feil. Tvert imot er dette ei nøytralt utforma skatteordning som gjer at ulike prosjekt og ulike oljeselskap blir behandla likt, seier statssekretær Kjetil Lund i Finansdepartementet.

Ei ny skatteordning som kom i 2004, gjer det mogleg også for leiteselskap utan produksjon å trekkja frå leiteutgifter på skatten. Verdien av støtta til leiteboring er i rapporten anslått til 4 milliardar kroner i 2009.

Gunstig avskrivingstid

Verdien av gunstige avskrivingsreglar for oljesektoren blir sett til 20,8 milliardar kroner.

– Det stemmer at oljenæringa har kort avskrivingstid for investeringar. Men dette er ikkje så lønsamt som rapporten påstår, seier Lund og meiner verdien er sett fire til fem gonger høgare enn det som er reelt.

– Er det nokon av dei omtalte ordningane som du vil kalla for støtte?

– Eg vil ikkje kalla nokon av ordningane for subsidiar. Norsk petroleumsnæring er prega av høge skattar og høge avgifter på miljø- og klimautslepp. Nokre ordningar er rett nok gunstige, som at avskrivingstida er kort. Men alt i alt er skattane i oljå høge, seier Lund som meiner rapporten snur ting på hovudet.

– Skattereglane er laga for å sikra at verdiane skal gå til folket i Norge. Regelverket for petroleumsnæringa er langt på veg utforma i tråd med læreboka, seier han

– Analysen bommar

Lund får støtte hos Petter Osmundsen, professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger. Han meiner folk vil stussa over påstandar om at norsk oljenæring blir subsidiert med store summar kvart år og at næringa får langt meir enn landbruket.

– Folk har god grunn til å stussa. Trass alt betaler oljenæringa kvart år skatt i hundremilliardarklassen, noko som har gitt eit oljefond på over tre tusen milliardar kroner, seier Osmundsen.

Han meiner analysen bommar, blant anna fordi det er brukt feil metode for å samanlikna skattesystem. Eit skattesystem for industri på land kan ikkje samanliknast direkte med skattesystemet på norsk sokkel slik det er gjort her.

– Skattereglane er utforma for å vera nøytrale. Det hadde blitt galt i klimasamanheng dersom staten subsidierte prosjekt som ikkje var lønsame. Men i Norge er avgjerdene om å byggja ut felt eller ikkje uavhengig av skattesystemet, seier Osmundsen.

Han legg til at ei endring av skattereglane vil gje eit stort inntektstap for staten og berre ein avgrensa reduksjon i CO2-utslepp.

Ifølgje rapporten vil ei fjerning av investeringsfrådrag verdt 20,8 milliardar og leiterefusjon verdt 4 milliardar kroner i 2009 kunna redusera skatteinntektene frå oljeverksemda med 8,1 prosent. Klimautsleppa vil gå ned med 1,5 prosent.

– Dette er eit særdeles lite målretta og svært dyrt klimatiltak, kommenterer professoren.

Følg oss på Twitter.com/AenergiNO

Gå til forsiden av Aenergi.no

Siste fra forsiden

- Gi bøndene et nytt tilbud

Senterungdommen ber moderpartiet og resten av regjeringen komme med et nytt tilbud til bøndene i jordbruksoppgjøret før saken behandles i Stortinget.

Profilerte stillinger