• Ingen snakka om musikk etter årets Spellemannspris. Bare om møkkamenn, moccamenn og eit glas bortkasta øl.

    FOTO: Scanpix

La idiotiet leva!

Kva slag samfunn får me om ingen trør i salaten og alle blir mest opptekne av ikkje å seia eller gjera noko «feil»?

KOMMENTAR:

Idiotiet rundt Spellemannsprisen og Plumbo i helga demonstrerte i alle fall éin ting tydeleg: Det er i ferd med å bli for lågt under taket i Norge.

Ein mislukka flåsekommentar frå eit harry rølpeband. Ei like uelegant formulering frå "fornærma" i saka. Rituell avstraffing av den angrande syndaren etter klassisk, atal rockelogikk. Når dette får store delar av norsk presse til å ta fram dei heilt store typane, rydda nettsidene og sendeflatene, folket til å gå bananas – og over alle mobbegrenser – på sosiale media, og snakkeklassen til å kappast i å ta avstand på mest korrekt vis, er vegen blitt for smal, takhøgda for låg, det menneskelege handlingsrommet for trongt. Eventuelt har me bare mista sansen vår for humor, den rause evna til å sjå stort på ting – og evna vår til å skilja mellom kva som er viktig og uviktig.

Eg bør dermed helst ikkje seia særleg om kva folk bør tåla, men bare lytta til alle dei som rettar opp handa og føler seg forulempa.

Me har vore på veg mot dette lenge. I 2002 gjekk Landsforeningen for løsemiddelskadde ut og kravde at Trond Viggo Torgersens komiprogram "TVT" skulle stoppast. Éin av Trond Viggos figurar, frontmann Terje Møller i dansebandet Topaz, var nemleg ein lausemiddelskadd golvslipar. (Så vidt eg veit kom det ingen reaksjonar frå dansebandmiljøet.)

Tre år seinare presterte dåverande SV-nestleiar Øystein Djupedal å gå ut og beklaga at han i ein politisk debatt hadde brukt formuleringa "bruka pengar som fulle sjømenn". Plutseleg hadde han sjøfolkorganisasjonane på nakken. Dei var såra og vonbrotne over at den etablerte og retorisk effektive formuleringa hadde blitt uttalt offentleg. (Det kom ingen krav om orsaking frå fulle folk.)

Det kan vera komplisert nok å manøvrera retorisk blant yrkesgrupper og diverse interesseorganisasjonar. Men det er ingenting mot fallgruvene og minefelta som opnar seg når ein nærmar seg hudfarge (minus bleikansikt), kjønn (minus menn), religion (minus kristendom) eller seksuell legning (minus heterofili). På desse felta er moglegheitene for å trø feil nesten uendelege – og hæren av vaktbikkjer som passar på stor og triggerhappy. Som kvit, heterofil, ikkje-religiøs mann bør eg vera ekstra forsiktig, sidan eg representerer den historiske Overgriparen, Imperialismen, Makta og den ufølsomme Elefanten i glassmagasinet. Eg bør dermed helst ikkje seia særleg om kva folk bør tåla, men bare lytta til alle dei som rettar opp handa og føler seg forulempa. Og dei finst det jo stadig fleire av.

Det er altså ikkje lov å spøka med noko som spelar på brunfarge i møte med ein person med brun farge. Det er ikkje lov å seia "neger" – same kor mykje Johan Golden seier det er greitt. Ifølgje Erasmus Montanus-logikken som absurd nok følgjer med på lasset, gjer dette folkekjære Torbjørn Egner og Astrid Lindgren problematiske, sidan Pippis pappa er "negerkonge" og Egner har skrive både om "negerland" og "negergutten Hoa". Den stivbeinte, einauga logikken til det politisk korrekte språkpolitiet har ikkje rom for historie. Alt som er skrive og sagt før i tida skal målast gjennom dagens briller og moral. Fortida må redigerast. Det me ikkje lenger likar, må sensurerast bort. Ja, for det er jo ikkje blitt skikkelege folk av nokon som har lese Pippi – i original?

22. juli har bidrege til å gjera ytringsrommet meir komplisert. På den eine sida skal me ifølgje Jens Stoltenberg møta terroren med meir openheit og meir demokrati – noko som i praksis betyr å auka takhøgda. Samtidig oppfordrar Stoltenberg oss alle om å bli digitale nabokjerringar – noko folk i praksis omgjorde til usympatiske og feige digitale mobbarar og korsfestarar i tilfellet Plumbo, Madcon og Kaizers-Terje.

Samtidig som Stoltenberg argumenterer for open debatt, krev AUF-leiar Eskil Pedersen "ytringsansvar", som ser ut til å bety ein slags sjølvpåført førehandssensur. Men, som Dagblad-kommentator Geir Ramnefjell skreiv søndag: Utviklar framtidas politiske elite ein kultur der det å beskytta seg sjølv mot ubehagelege ytringar blir dyrka som legitimt, har me eit problem.

Alle er einige om at det som skjedde på Utøya var grusomt. Men det betyr ikkje at det er AUF som skal redigera den offentlege debatten eller at Eskil Pedersen har fått moralsk autoritet til å avgjera kva som er lov å ytra og ikkje. AUF og Utøya-generasjonen må absolutt ytra seg – men dei må også tåla å bli motsagt. Og å bli såra.

Ein del av å leva i eit fritt og ope demokrati, er å måtta leva med at folk er forskjellige og at somme seier smarte ting, andre idiotiske ting. Sjølv om det kan vera både provoserande og fornærmande, må eg leva med at mange har dårleg smak – enten det gjeld "folket" som har stemt fram møkkasongen "Møkkamann" til årets hit, eller musikkeliten i Spellemann-juryen som kåra Kaizers' oppvarmar i 2011 til "Årets spellemann". Men at musikarar i underhaldningsbransjen oppfører seg som det, og ikkje som grå, regelstyrte byråkratar, strategiske merkevarebyggjarar eller professorar i retorikk, kan knapt overraska nokon.

Tidlegare tiders hoffnarrar hadde mandat til å kritisera hoffet – i tillegg til å skapa latter. Nå er narrane erstatta av stand up-komikarar. Som australske Steve Hughes:

- Politisk korrektheit er undertrykkinga av vår eigen intellektuelle aktivitet, slik at ingen seier noko lenger – i tilfelle nokon blir fornærma, seier Hughes, og spør retorisk kva som skjer om nokon seier noko som fornærmar nokon.

- Vel, då kan dei vera fornærma. Kva er galt med å vera fornærma? Men det skjer jo ingenting. Vær fornærma, du er vaksen, handter det, raljerer Hughes, før han legg an sytestemma til dei han kritiserer:

- Eg vil bu i eit demokrati, men eg vil aldri meir bli fornærma!

Hughes blir seg sjølv igjen, bles i nasen, og konkluderer:

- Vel, du er ein idiot.

Steve Hughes - Offended  

Følg meg på twitter.com/janzahl

Siste fra forsiden

- Gi bøndene et nytt tilbud

Senterungdommen ber moderpartiet og resten av regjeringen komme med et nytt tilbud til bøndene i jordbruksoppgjøret før saken behandles i Stortinget.

Profilerte stillinger