Desse studentane har flest sexpartnarar
charlotte steine
Studentar som stemmer Framstegspartiet har flest sexpartnarar i løpet av eitt år. Kristeleg folkeparti-veljarane har færrast.
- Artikkel
- Bilder
- Kommentarer
Det viser ei undersøking Sentio har gjort for studentavisa Universitas og Norsk studentorganisasjon. FpU-formann Ove Vanebo er lite overraska av at Frp-veljarane har flest partnarar.
- Det seier vel berre at Framstegspartiet er eit parti der veljarane har liberale haldningar, seier han til Universitas.
13 prosent av Frp-veljarane har ikkje hatt sexpartnar det siste året. Ein av tre Frp-veljarar har hatt fleire enn to partnarar i løpet av året.
- Ikkje anna enn forventa, seier Vanebo til Universitas. Han ville vore meir overraska om tala viste det same for KrF-veljarane.
Av alle studentane i undersøkinga har 53 prosent berre hatt éin sexpartnar det siste året, medan 18 prosent ikkje har hatt noko. Éin prosent har hatt fleire enn 10 partnarar i løpet av det siste året.
Ventar til ekteskapet
Sexolog og dagleg leiar Siv Grannes ved Senter for ungdom og seksualitet er heller ikkje overraska over tala.
- Blant KrF sine veljarar er det mange med kristen moral, som kan vera grunnen til at dei har færre sexpartnarar. Nokon vil kanskje venta med sex til dei har inngått ekteskap og held seg til ein, seier Gamnes til Universitas.
Gamnes får støtte av sexolog Gro Isachsen ved Klinikk Sexologen.
- KrF-veljarane har tradisjonelt eit meir restriktivt syn på talet sexpartnarar. I riktig gamle dagar var det dei radikale som var mest offensive på kjønnsmarknaden, seier Isachsen til Universitas.
Dei som har hatt færrast sexpartnarar er KrF-veljarane. 44 prosent seier dei ikkje har hatt nokon partnar siste året. Talet er 31 prosent for studentane som stemmer Miljøpartiet de Grønne. KrFU-leiar Elisabeth Løland synest undersøkinga er latterleg.
- Eg har ingen meiningar om veljarane sitt seksualliv, seier ho til Universitas.
Raude studentar har flest partnarar
Undersøkinga viser at dei raude studentane framleis er blant dei med flest sexpartnarar. Leiar Pål Halvorsen for Rødt Blindern ser ingen naturlege årsaker til at det er slik.
- Det gjev kanskje ein peikepinn på at Rødt sine veljarar er meir liberale. At me er eit ope og inkluderande parti kan ha noko med saken å gjera, seier Halvorsen til Universitas.
Gamnes meiner tala underbyggjer ein meir generell tendens i dag.
- Det er like vanleg at unge i denne aldersgruppa har éin som 20 sexpartnarar. Tala i undersøkinga viser at samfunnet har mangfald, seier ho til Universitas.
Undersøkinga viser at fleire gutar enn jenter har hatt éin sexpartnar det siste året, og at fleire jenter enn gutar ikkje har hatt nokon. Flest gutar har hatt mellom to og fire partnarar siste året. Flest jenter har hatt fem partnarar eller meir det siste året.
Kommentarer