• Dersom du dreg stikkontakten ut for ofte kan han verta ei brannfelle. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Stikkontaktar kan vera brannfelle

4 av 10 brannar her i landet skuldast feil og manglar ved det elektriske anlegget. Om stikkontaktane vert mykje brukt aukar faren for brann.

Det viser tal frå Brannvernforeningen. Om du dreg ut leidningen kvar dag før du legg deg eller går på jobb vert stikkontakten godt brukt.

- Ein stikkontakt består av fjører som vert slakkare etter kvart. Ein velbrukt eldre stikkontakt kan forårsaka gnistar når du dreg ut støpselet til kaffitraktaren. Gnisten kan igjen antenna støv og tørt treverk i veggen, forklarar takstmann Frank Rusti Indresand i Tryg forsikring i ei pressemelding.

- Dersom ein stikkontakt byrjar brenna er det ofte stikkontakten til komfyren. Om komfyrstikkontakten er dårleg kjenner du lukta lenge før han tek fyr, seier senioringeniør Oddvar Våge i kontroll og el-sikkerhet i Lyse.

Bruk tidsur

Indresand meiner at dette ikkje må skremma folk frå å slutta å dra ut pluggane, men at folk må vera bevisste på problemstillinga. Han anbefaler å bruka tidsur med ei tidsinnstilling på stikkontakten. Tida kan stillast inn på mellom 15 minutt og åtte timar.

- Skal du koka kaffi, set du tidsuret på 15 minutt. Når tida har gått ut vert straumen broten. På den måten treng du ikkje hugsa å dra ut stikkontakten, seier han i pressemeldinga.

Våge støttar Indresand i at tidsur er ein god måte å unngå brann.

- Det kan vera meir brannfarleg å la stikkontaktane stå i enn å dra dei ut, men eg anbefaler å bruka tidsur på stikkontaktar du ofte dreg ut og som er lette å gløyma. Dersom kaffitraktaren eller strykejernet står på kan det smelta ned, seier Våge.

Det er òg mogeleg å kjøpa eigne stikkontaktar som kan styrast ved hjelp av eit panel. Desse stikkontaktane varslar når dei vert varme. I tillegg kan du styra når kontakten skal vera av og på manuelt eller automatisk.

Hugs service på anlegget

Våge opplyser at omnar og andre apparat må vera avslåtte når støpselet pluggast i.

- Brannar byrjar sjeldan i anlegg som elektrikarar har sett opp. Dei tinga me sjølve dreg inn i huset er meir brannfarlege, seier Våge.

Ifølgje Indresand er det ikkje berre bilen som treng service.

- Me er flinke til å ha årleg service på bilen, men gløymer at el-anlegget òg treng service og vedlikehald. Det kan lett gå 40 år mellom kvar gong, og det er ikkje bra, seier han.

Bransjeorganisasjonen NELFO opplyser på nettstaden sin at elektriske anlegg normalt bør kontrollerast kvart femte år og at kontrollen kostar i underkant av 2.000 kroner.

- Kor ofte anlegget skal sjekkast er varierer litt i forhold til storleik og bruk, men det er lurt at ein elektrikar kontrollerer det elektriske mellom kart femte og tiande år. Dette kjem i pakkar som til dømes el-sjekken som har ein rimelig pris på mellom 1500 og 2000 kroner. Då vert heile anlegget sjekka for feil, seier Indresand.

Siste fra forsiden

- Gi bøndene et nytt tilbud

Senterungdommen ber moderpartiet og resten av regjeringen komme med et nytt tilbud til bøndene i jordbruksoppgjøret før saken behandles i Stortinget.

Profilerte stillinger