• - Eg har vore uroleg for ein ting med Helge Solum Larsen: Det er det mest umenneskelege arbeidspresset han har hatt, seier Gro Skartveit.

Gro Skartveit: - Umenneskeleg arbeidspress

- Eg har vore uroleg for ein ting med Helge Solum Larsen: Det er det mest umenneskelege arbeidspresset han har hatt, seier Gro Skartveit.

- Med så mange sentrale verv både i Stavanger, i fylket og sentralt, det er meir enn folk kan klara. Det er ikkje så lenge sidan eg snakka med Helge om dette. Det var etter jul, eg tok det opp med bakgrunn i meg sjølv, eg sjølv sleit med det som ordførar i Finnøy og nestleiar i Venstre si gruppe i fylkestinget. Eg delte mine erfaringar om kor frykteleg slitsamt det er å alltid skulle vera på ein annan plass: Når du er på møte i Oslo skulle du eigenleg ha vore på noko i fylket eller noko i Stavanger. Tida strekk ikkje til, forventningane er store. Dette kan ikkje folk klara i lengda. Det gjeld generelt. Me treng ein diskusjon om dette i dei politiske partia, held Skartveit fram.

Fråverande tema

Ho utdjupar:

- I politiske miljø snakkar me frykteleg lite om koss det er å vera menneske. Som politikar har du krav og press på deg heile tida. Det med å ta vare på seg sjølv er eit mest fråverande tema.

- Men eg er veldig oppteken av det, for folk er bare folk. Kor set me grenser for oss sjølv? Korleis tek me oss inn att? Eg har gitt klar melding om at eg ikkje er inne på e-post i helgene.

Eg ser at Helge og mange andre politikar står på sju dagar i veka til alle tider på døgeret. Eg forstår ikkje koss du skal klara å halda på slik frå tidleg morgon til langt på natt. Du må ta vare på deg sjølv, sa eg til Helge (Solum Larsen).

- Må gå ei grense

- Då eg reiste heim frå fylkesårsmøtet på søndag ettermiddag, snakka eg med Heidi, ektefellen mi, om kor utruleg dyktig Helge er og kor sliten han såg ut, ikkje bare på søndagen men på laurdagen. Det er ikkje meint som ei orsaking for det han gjorde med den unge jenta, men me må setja grenser for mengda av arbeid også i politiske miljø, seier Skartveit vidare.

 

- Dersom me ikkje gjer det, skaper me heller ikke grunnlag for dialogar om vanskelege ting, enten det er folk som opplever noko utriveleg og uheldig eller om det er folk i topp-posisjonar som slit. Viser me ikkje omsorg for kvarandre, kan me ikkje plutseleg koma inn til kvarandre å snakka om vanskelege ting i livet, poengter ho.

- Svikta

- Det er på dette området eg trur me har svikta, det var her eg gjerne skulle ha gjort meir for Helge. Eg har vore i politikken i mange år. Det er ikkje ofte, eller aldri, at nokon seier eg er glad i deg, du tyder mykje for meg. Me skal meistra så uhorveleg mykje. Men det bør ikkje vera ein motsetnad mellom å vera tøff og stå på og det å likevel kunna møta kvarandre som menneske med omsorg, seier Skartveit som inntil vidare har overteke Solum Larsen sitt verv som Venstre sin gruppeleiar i fylkestinget.

Siste fra forsiden

- Gi bøndene et nytt tilbud

Senterungdommen ber moderpartiet og resten av regjeringen komme med et nytt tilbud til bøndene i jordbruksoppgjøret før saken behandles i Stortinget.

Profilerte stillinger